Hopp til hovudinnhald

Dokumentasjonsteam (2022-2025)

  • OM.13016
    Foto: Osterøy museum / Bevaringstenestene

Tre år med dokumentasjonsløft for Musea i Vestland!

Frå april 2022 til juni 2025 har Bevaringstenestene tilbydd hjelp til dokumentasjon av samlingane til musea i Vestland. Med midlar frå Museumsløft og KUP har prosjektleiar Tale Annesdatter Aasheim leia Dokumentasjonsteamet som hadde eit klart mål: 

  • Digitalisere og publisere fleire gjenstandar 
  • Finne gode og effektive arbeidsmåtar 
  • Auke kvaliteten på registreringane 

Resultatet talar for seg: 

  • 3602 gjenstandar registrert i Primus 
  • 2000 postar publisert på DigitaltMuseum 
  • 226 tradisjonsbåtar registrert – 178 publisert 

Arbeidet har inkludert registrering, fotografering, merking og tilstandsvurdering – og i nokre tilfelle klargjering for fellesmagasinet i Salhus. Musea melder at dei er svært fornøgde med samarbeidet og ser på dokumentasjon som eit tilbod dei ønskjer å halde fram med. 

Klikk på lenka og les rapporten frå prosjektet: