Hopp til hovudinnhald

Samlingssentrum Vestland

Bevaringstenestene har lenge arbeida med realisering av eit nytt fellesmagasin for dei konsoliderte musea i fylket. Dei siste åra er det Vestland fylkeskommune som har leia arbeidet, og det er vedteke at dei skal vere byggherre for prosjektet.

Vestland fylkeskommune har gjennomført ei moglegheitsstudie av ei egna tomt på Haukås, og det er vedteke å gå vidare med denne tomta. Rom- og funksjonsprogram for bygget er ferdig, og ventar på politisk handsaming. 

Bevaringstenestene er med som fagpersonar i utviklingsarbeidet. Tidlegare har vi skrive to rapportar som undersøker kva samlingar musea ønskjer å flytte til eit nytt magasin, og kor stort magasinet må vere. Den første rapporten heiter "Fullt hus" og var ferdig i 2019, og den andre heiter "Samlingssentrum Vestland" og var ferdig i 2022. Rapportane konkluderer med at magasinet bør etablerast i eit nybygg som er designa for lagring av museumsgjenstandar: eit lågenergibygg som oppfyller miljømessige krav, samtidig som det er eit funksjonelt magasinbygg. Den seinaste rapporten har også fokus på behovet musea har for ein stad å arbeide med samlingane sine, særleg dei gjenstandane som er utfordrande å handtere ute i musea. Dette kan til dømes vere på grunn av at dei er særskild store eller fordi dei inneheldt helsefarlege stoff. Det er viktig at eit nytt Samlingssentrum kan handtere dette på ein måte som er trygg for både gjenstandane og dei tilsette som skal arbeide med dei.

  • 1/1

Referanser