Det finst eit stort utval ressursar om samlingsforvaltning, strategiar for førebyggjande konservering og berekraftige praksisar både i Norge og internasjonalt. Trass dette slit mange museum framleis med utilgjengelege samlingar og overfylte magasin, utfordringar knytt til prioritering av samlingar og spørsmål om avhending. Nytt fokus på museumsgjenstandane adresserer desse problemstillingane ved å samle samlingsforvaltarar og andre fagfolk som er involvert i avgjerdsprosessar om museumsgjenstandane.
Kjernen i prosjektet er spørsmålet: Kva er ein museumsgjenstand i dag? Dette vil vi utforske gjennom tre hovudaktivitetar:
- Løyse utfordringar knytt til utilgjengelege samlingar i magasina ved å implementere RE-ORG-metoden
- Gjennomføring av seminar og workshopar om samlingsprioritering og avhending
- Prosjektet blir avslutta med ein fellesrapport og ei lita vandreutstilling.
Samarbeidpartnarar:
Samlingsrådet for musea i Vestland
UiB – Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
ICCROM - International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property
Vi samarbeider med ICCROM via to programmer:
ICCROM - Our Collection Matters
RE-ORG - Colection storgae reorganisation
Støtta av:
Kulturdirektoratet
- Aktiv samhandling og
Vestland fylkeskommune
– Museumsløft-ordninga.