I arbeidet med planen, som også vert kalla «samhandlingsplanen», har det vore dialog med musea i fylket, der dei har peika på område der dei ser behov for styrkt innsats i planperioden. Samlingsforvaltninga ved musea står framfor tidkrevjande oppgåver med avgrensa ressursar til å løyse desse, og det er difor avgjerande at vi legg til rettes for samhandling og samarbeid. Dette kan skje direkte mellom Bevaringstenestene og det enkelte museet, men også mellom fleire museum på tvers.
Dokumentet presenterer sju tiltak for korleis musea og Bevaringstenestene kan samarbeide for å utnytte dei samla ressursane innan samlingsforvaltning best mogleg. Planen peikar på kven som har hovudansvaret for dei ulike tiltaka, der Bevaringstenestene er ført opp enten som samarbeidspart eller ansvarleg. Eitt overordna tiltak er å etablere det som har blitt kalla «Samlingssentrum Vestland», eit nytt lågenergibygg med fellesmagasin, konserveringsatelier og store, felles arbeidsrom som alle musea i Vestland skal kunne bruke. Dette tiltaket kviler på Vestland fylkeskommune og Bevaringstenestene i fellesskap.
Planen er avgrensa til å gjelde dei fagfelta Bevaringstenestene har/skal ha kompetanse på; dermed vil det handle om den gjenstandsbaserte delen av kulturarven. Arkiv, immateriell kulturarv, bygningar og levande samlingar (dyr og plantar) er difor utelatne.
Vestland fylkeskommune har gitt økonomisk tilskot til arbeidet med planen.