Tale Annesdatter Aasheim har vore tilsett ved Bevaringstenestene sidan 2022. Ho vart først tilsett i ei treårig prosjektstilling kalla "Dokumentasjonsteam". Prosjektet gjekk ut på å hjelpa musea i Vestland med registrering og digital tilgjengeleggjering av museumssamlingane i samlingsforvaltningssystemet Primus. Parallelt med prosjektet føregjekk eit regionalt båtprosjekt for kartlegging og digitalisering av tradisjonsbåtar i Vestland som Tale tok del i. "Dokumentasjonsteam" vart avslutta sommaren 2025.
Sidan 2024 har Tale vore samlingsforvaltar og administrativ rådgjevar ved Bevaringstenestene. I tillegg til å jobba med Revita og prosjektet "Nytt fokus på museumsgjenstandar" (2025-2027) ved Fellestenestene ved Bevaringstenestene, held ho fram med å samarbeida med musea i Vestland om å registrera og digitalisera samlingane deira.
Tale har mastergrad i kunsthistorie frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (2018) og årsstudium i kulturleiing frå OsloMet (2019). Sidan har ho jobba som resepsjonist ved Oslobiennalen (2019) og som resepsjonist og Universitetsbibliotekar ved Nord universitet (2020, 2021-2022). I 2021 var ho praktikant ved Nordenfjeldske kunstindustrimuseum der ho fekk opplæring i Primus.