Hopp til hovudinnhald

Tekstilkonservering

Vi konserverer alt av tekstilar: frå kyrkjetekstilar og dåpskjolar til veggteppe og kunstinstallasjonar. Konserveringsarbeidet vert ofte utført i vårt godt utstyrte atelier i Salhus, men vi utfører også arbeid in situ.

  • Konservering av ein messehagel
    1/1
    Konservering av messehagel Bevaringstenestene |

Vi kan mellom anna utføre:

  • reingjering tilpassa materiale og tilstand 
  • saumkonservering av rifter og hol 
  • bleiking av kvite tekstilar 
  • konstruksjon av oppheng for vegghengte tekstilar 
  • laminering av faner og andre store tekstilar 
  • rådgjeving om pakking og utstilling
  • synfaringar 

Kontakt oss for eit uforpliktande tilbod!