- 1/1
Lyngheier Foto: Museumssenteret i Hordaland
Naturrom Lygra er eit prosjekt som vi har jobba med i fleire år. Naturrom Lygra ein annleis formidlingsarena og eit formidlingsbygg som skal byggast like ved Lyngheisenteret. Dette skal være eit ope bygg med utsikt over lyngheier og den verna Lurefjorden. Her skal gjestar få ein meir tilgjengeleg utstilling og formidling enn det vi har i dag. Bygget skal være tilgjengeleg utanom opningstider og ha eit tilrettelagt uteområde med plass til aktivitetar. Det skal romme kunnskap og informasjon, aktiv formidling og kunne være eit stillerom/refleksjonsrom.
Naturrom Lygra er ikkje berre eit nytt bygg. Ressursbruk og ressursforvaltninga er eit særs viktig fokus hjå oss og veldig relevant i det grøne skiftet. I Naturrom Lygra vil vi verkeleg legge fokuset vårt på berekraft. Vi meiner at det å sjå bakover i tid kan være ein del av løysinga for ei berekraftig framtid. Lygra var sjølvforsynt i hundrevis av år og tanken er at det nye bygget skal være sjølvforsynt med straum og materiala skal være lokale. Heile byggeprosessen skal være ope for publikum og leie ann som eit eksempel.
Vi i Museumssenteret i Hordaland og Lyngheisenteret er særs takksame for støtta vi har fått til Naturrom Lygra og at vi får styrka budsjettet til forvaltinga av kulturlandskapet. Dette gjer at vi kan sikra den unike kunnskapen som ligg i det gamle kulturlandskapet og utvikla oss som kunnskap, formidling og forskingsarena. Vi har jobba med Naturrom Lygra sidan 2020, og no er vi endeleg komen i mål med den offentlege finansiering der også Alver kommune og Vestland fylkeskommune har bidrege. Stor takk til alle som har bidrege!
«Det er fantastisk at vi har fått tilbake tilskot til skjøtselen på Lyngheisenteret. Dette er grunnlaget for hele museet, dei levende samlingane, som vi forskar på og formidlar»
«Det er ei stor glede for oss at vi med tilskot frå Kulturdepartementet har fått på plass den offentlege finansieringa for bygging av nytt utstillingsbygg på Lyngheisenteret, Naturrom Lygra. Dette vil styrke alle delar av drifta og rigge oss for framtida»