Hopp til hovudinnhald

Halvparten av norsk natur er i fare - MUHO tek ansvar for kunnskap og vern av kulturlandskap

Den nye Raudlista for naturtypar viser ei dramatisk utvikling: 44 prosent av norske naturtypar er no raudlista, og nesten ein fjerdedel står i fare for å forsvinne heilt. Blant dei mest utsette landskapa finn vi kystlyngheiane og dei gamle slåttemarkene som er klassifisert som kritisk trua. Dette er natur som har vore forma av menneske gjennom tusenvis av år – og som ber med seg unik kunnskap om berekraftig bruk av naturressursar.

  • mann brenn lyng
    1/1
    A. Langøy

For Museumssenteret i Hordaland (MUHO) er dette ei tydeleg stadfesting på kvifor vårt arbeid er viktig. I samarbeid med mellom anna UiB, Statsforvaltaren, Riksantikvaren og Fylkeskommunen har vi i fleire tiår forska på, formidla og sikra kunnskap om desse viktige naturtypane og samanhengane i dei. Gjennom tradisjonell skjøtsel har vi bidratt til å ivareta den immaterielle kulturarven knytt til drift og skjøtsel av kulturlandskap . Gjennom Lyngheisenteret på Lygra og arbeidet på Havrå, tek vi vare på kunnskapen om korleis menneske har levd i samspel med naturen – kunnskap som er avgjerande for framtidas berekraftige forvaltning. Ved bruk av disse skjøtselsmetodene tar vi samtidig vare på artsmangfoldet. Hele 798 (29%) truede arter finnes i tilknytning til kulturlandskap. Både slåtteeng og lynghei er viktige habitater for en rekke planter, sopp, insekter og fugler mm.

Lyngheisenteret – Europas siste autentiske lynghei

Lyngheisenteret er einaste staden i Europa der du kan oppleve autentiske kystlyngheiar driven av lokale bønder i samarbeid med museet. Her formidlar vi historia om eit kulturlandskap som har vore i bruk i over 5000 år, og som no er i ferd med å forsvinne. Gjennom aktiv skjøtsel med beiting, lyngsviing og bruk av gamle husdyrrasar held vi landskapet i hevd og sikrar biologisk mangfald. Lyngheisenteret har motteke både UNESCO sin globale kulturlandskapspris og Europa Nostra-prisen for sitt banebrytande arbeid med vern og formidling.

Naturrom Lygra – ny arena for kunnskap og refleksjon

Med støtte frå mellom anna Kulturdepartementet, Vestland fylkeskommune og Alver kommune utviklar vi no Naturrom Lygra, ein ny formidlingsarena som skal gje publikum kunnskap om natur, kultur og berekraft. Dette blir ein stad for aktiv læring, forsking og refleksjon – midt i eit landskap som viser kva som står på spel.

Havrå – levande kunnskap om kystjordbruk

På Havrå, det freda kulturmiljøet på Osterøy, forvaltar, dokumenterer og formidlar vi tradisjonelle driftsformer som har prega vestnorsk kystjordbruk i hundreår. Gjennom skjøtselsbeiting med gamle norske husdyrrasar, slått, og restaurering av haustingsskog og lauveng tek vi vare på kunnskap som er del av vår immaterielle kulturarv . Slik vidarefører ein praksisar, og gjev innsikt i korleis ressursane vart brukte i eit kretsløp – ein modell for berekraft som er like relevant i dag.

Forsking som sikrar framtidas kunnskap

MUHO er også ein aktiv partnar i forskingsprosjekt som gjev ny innsikt i korleis kulturlandskap og naturtypar blir påverka av klimaendringar. Eit døme er DURIN-prosjektet, leia av Universitetet i Bergen, som undersøker kva rolle lyngartar spelar i klimasystemet. Lyngheiane dekkjer store delar av norsk landareal og har stor betydning for karbonbinding, biologisk mangfald og økosystemtenester. Gjennom feltstudium og eksperiment bidreg vi til å forstå korleis desse naturtypane kan bevarast og tilpassast i ei tid med raske endringar.

Kvifor er dette viktig?
Når naturtypar forsvinn, mistar vi ikkje berre biologisk mangfald – vi mistar også kunnskapen om korleis menneske har tilpassa seg og levd i samspel med naturen. MUHO arbeider for at denne kunnskapen ikkje skal gå tapt. Vi inviterer politikarar, forskarar og publikum til å bruke våre arenaer som ressurs i arbeidet med å nå nasjonale klima- og miljømål.

Les meir om vårt arbeid på muho.no og planlegg ditt besøk til Lyngheisenteret eller Havrå. Saman kan vi sikre naturen og kulturarven for framtidige generasjonar.

  • sau i kystlandskap
    1/2
    A. Langøy
  • Flere kvernhus ligger oppetter ei bratt li i vårgrønt kulturlandkap
    2/2
    Foto: L. E. Kutschera