Hopp til hovudinnhald

Aktiviteter og opplevelser

Bli med på ei unik omvising i eit historisk klyngetun og
landskap der me fortel historia til den tradisjonsrike garden Havrå.

Gruppetilbod

Havrå er ein gard på sørsida av Osterøy, og eit av dei best bevarte og mest særprega norske klyngetuna. Her har det vore busetnad og gardsdrift sidan eldre bronsealder. Garden vart freda i 1998, som det første kulturmiljøet i Noreg, og er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mange vestlandsgardane.

Havrå er 30 minutter med bil frå Bergen sentrum. 

Vi kan tilby tilpassa omvisningar, opplevelser og aktivitetar for bestilte grupper etter avtale. Ta kontakt for pris og meir informasjon. 

Museum24:Portal - 2025.05.21
Grunnstilsett-versjon: 2