Ein grøderik haustingsskog
I dag blir lite av graset og lauvet nytta til fôr. Samstundes ynskjer me å oppretthalde lauvenga som landskapsområde. Lauveng er lauvskog i ur og steinete mark der trærne blir høsta regelmessig i form av «styving». Restaureringa av Bergjet er eit av dei større prosjekta me har på Havrå. Nokon av teigane blir restaurert i tråd med tradisjonane, medan nokre blir ståande igjen som naturlig urskog. På denne måten kan me med åra sjå korleis flora og fauna kan utvikla seg på tvers av naturtypar.
Lauvengene representerar båe biologiske og kulturhistoriske verdiar. Dei er viktige leveområde for mange artar, deriblant mange vedboende truga sopp, mose og lav. Dessuten finnes gode leveområder for ein rekke insektartar.