Parkering
Parkeringa er forbi Havråtunet rett ved Strukentunellen. Det er omtrent 250 meter å gå frå parkeringa til tunet. Bakken opp til tunet frå busstoppet har særs bratt stigning.
Det er ikkje lov til å parkere i tunet eller ved oppkjørselen til Havrå. Parkeringa i tunet og oppkjørsel er privat og kan ikkje nyttast. Men det er mogleg å køyre opp til tunet for å slippe av folk etter avtale.
Dersom ei gruppe kjem med eige buss, kan dei besøkande sleppast av ved busstoppet. Bussen må snu ved parkeringsplassen vår. Det finst ikkje betre plasser og snu innover mot Bruvik.
Oppmøte for omvisinga er med busstoppet.
Toalett
Vi har eit toalett for gjestar i bakken opp til tunet. Vi har diverre ikkje HC-toalett.
Følgjeperson
Følgjeperson/ledsagar får gratis inngang til omvising på tunet.
Servicehundar
Servicehundar/blindehund er velkomne på museet.
3D-modell av Havrå
I lenken under kan du gå inn og sjå ein 3D-modell av Havrå som er laga av NIKU.