Hopp til hovedinnhold

Bødn

Den eldste innmarka på Havrå heiter Bødn og strekk seg frå sjøbrotet til Bøgarden. Dette driftsområdet bestod før av åkrar og slåtteeng.

  • Hesjing på garden Havrå, Osterøy

Vi bruker framleis dette tradisjonelle driftsystememet for å sikre vinterfôr til sau og kyr, men i mindre skala. Me har vår- og haustbeite med gamalnorsk sau, samt noko åkerdrift med havresorten Gullregn, og poteter i treårs vekstskifte. Bødn vert slått ein gong kvar sumar, der mesteparten av graset vert hesja og nytta til vinterfôr. Det med ikkje treng sjøl vert gitt vekk til ein lokal bonde.

Bødn nedom fylkesvegen vert ikkje lenger nytta tradisjonelt, gjennom åker og slått. I staden har vi vår- og haustbeite med sau for å hindre attgroing. Området er under restaurering.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1