Hopp til hovudinnhald

Ei reise i tid

Bli med på ein guida tur i eit historisk klyngetun og landskap der me fortel historia til den tradisjonsrike garden Havrå.

Lær om tradisjonell matproduksjon og handlingsboren kunnskap. Garden vert driven på tradisjonell måte med tradisjonelle reiskapar. Gjennom praktisk arbeid syner Havrå korleis ein tidlegare nytta lokale ressursar.

På omvisiga går me gjennom tunet og fortel om historia til garden, korleis den vart drive før i tida og korleis den blir driven no. Omvisinga tar omtrent ein time. 

Vi har ordinære omvisingar i påsken og på sommaren frå 23. juni til 17. august. Dei kan bestillast her: 

Dersom det gjelder ei større gruppe (over 10 personar), eller du ønskjer omvising på eit anna klokkeslett eller utanom sesongen kan du sende ein førespurnad i skjema under.

  • Hesjing på garden Havrå, Osterøy
    1/2
  • to menn ber på kiper i eit på ein gamal bygdeveg
    2/2
    Havrå

Send oss ein førespurnad

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2