Hopp til hovudinnhald

Havråfilmen

"Havråtunet" er ein dokumentarfilm som fortel om livet i det vesle bygdesamfunnet Havråtunet på Osterøy, slik det har vore levt i mange hundre år. Det er ei forteljing om tungt slit frå morgon til kveld, heile året igjennom, om vanskar i strida for tilværet og om menneske som aldri sparar seg i arbeidet sitt. Men samstundes er det ei skildring av ei kulturform som byggjer på eldgamle tradisjonar. Filmen er ei unik skildring av eit særeige norsk klyngjetun og blei spelt inn i 1949-1950.