Kva får du oppleve på omvisinga?
Bli med på ei omvising gjennom tunet og kulturlandskapet på Havrå, der vi fortel historia om den tradisjonsrike garden. Du får lære om matproduksjon basert på lokale ressursar og om den handlingsborne kunnskapen som har forma staden gjennom generasjonar.
Havrå rommar store kulturhistoriske og kulturbiologiske verdiar. Den tradisjonelle drifta av garden ligg til grunn for korleis vi tek vare på og brukar bygningar, innmark og landskap i dag.
Omvisinga varer om lag éin time.
- 1/2
- 2/2
Havrå