Hopp til hovedinnhold

Omvising på Havrå

Bli med på omvising i eit av Noregs beste bevarte klyngetun. Folk har budd og drive jordbruk på Havrå sidan bronsealderen

Bli med på ei unik omvising

Bli med på ei unik omvising i eit historisk klyngetun og landskap der me fortel historia til den tradisjonsrike garden Havrå. Lær om tradisjonell matproduksjon og handlingsboren kunnskap. Garden vert driven på tradisjonell måte med tradisjonelle reiskapar. Gjennom praktisk arbeid syner Havrå korleis ein tidlegare nytta lokale ressursar.

Sommarsesong:

16. juni til 11. august.

Omvising kvar mandag til fredag og søndag kl. 12.00.


Me ønskjer at besøkande møter opp i god tid før omvisinga starter (ca. 10 - 15 min). Det er 200 meter å gå frå parkeringa til oppmøte ved busskur.

Dersom du vil kome som ein del av ein større gruppe eller utanom opningstid, kan du kontakte oss.

Praktisk info

Me gjer merksam på at Museumssenteret i Hordaland kun eig 2 av dei 8 bruka. Resten er i privat eige. Difor er det ikkje ynskjeleg å gå på eigenhand, og det er ikkje lov å gå inn i hus og løer utan ein omvisar.

Billettar til omvising må kjøpast på førehand, tunet er ikkje tilgjengeleg utan billett. Påmelding stengar fire timar før omvisinga startar.

Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1