- 1/1
Havrå
Omvisning på Havrå, eit av Noregs best bevarte klyngetun
Bli med på omvising i tun og landskap der me fortel historia til den tradisjonsrike garden. Lær om matproduksjon på stadeigne ressursar og om handlingsboren kunnskap. Havrå rommar store kulturbiologiske verdiar, der den tradisjonelle drifta dannar grunnlag for korleis me tek vare på, og brukar bygg, og landskap.
Me gjer merksam på at Museumssenteret i Hordaland berre eig nokre av bruka. Resten er i privat eige. Difor er det ikkje ynskjeleg å gå på eigenhand, og det er ikkje lov å gå inn i tunet utan ein omvisar.
Billettar til omvising må kjøpast på førehand, tunet er ikkje tilgjengeleg utan billett. Påmelding stengar fire timar før omvisinga startar.
Det er ikkje tillatt hund i tunet med mindre det er servicehund.
Bli med på ei unik omvising i eit historisk klyngetun og
landskap der me fortel historia til den tradisjonsrike garden Havrå. d.