Udgjerdet
Udgjerdet er ein nyare del av innmarka på Havrå. Her var det slått og åkerdrift. Jordsmonnet var skrinnare, og gav difor ikkje like stor avling. Sauene beita her før dei var slept opp til utmarka, medan kyra beita den dagen dei vart løyste for å etablere rangen i flokken. Seinere på dagen vart dei sleipt opp på utmarksbeitet.
I Udgjerdsgarden ligg også vårflorane og smalhus. Her tok dei inn høy på skukken som vart nytta i vårknipa.
I dag er områda nytta til sauebeite.