Hopp til hovudinnhald

Vandring i haustingsskogen

«Skogen i Berget» er eit av dei fem driftsområda på garden. Her inne finn ein haustingsskogen, som er dominert av varmekjære lauvtre. I uminnelege tider har menneskja på garden  hausta ressursar frå dei ulike treslaga, og nytta dei til ulike formål.

Det er ikkje alltid lett å sjå teikn og spor etter menneskeleg samhandling med det som veks i ein skog , om ein ikkje veit kva ein skal sjå etter. Ynskjer du å lære korleis du kan «lese» ein skog,  vil du oppleve at skogen er full av biologisk kulturarv, genressursar og handlingsboren kunnskap knytt til å produsere mat og vyrke på stadeigne ressursar.

Arne Vassenden frå museet som er ansvarleg for restaurering  og skjøtsel av denne sterkt truga kulturavhengige naturtypen er vertskap på turen.

I fleire år har museet i tett samarbeid med Miljødirektoratet/Statsforvaltaren arbeid målretta mot å restaurere skogen tilbake slik den ein gong var. I dag er deler av områda ferdig restaurert og inngår i ei fleir-årleg skjøtselsregime.

Området er svært bratt, og når det regnar er dei smale stiane og trappene sleipe. Her er berre eit kort strekke med rekkverk, så om ein har dårleg balanse, eller er høgderedd, er ikkje dette ein tur å anbefale.  

 

Omvisinga tar rundt 90 minutt. Grupper på max 10. 

  • 1/1
    Havrå

Send oss ein førespurnad

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2