Hopp til hovedinnhold

Jul i MUHO

Jul på prærien, tre nøtter til Askepott og Luciakveld i fabrikken.
Få julestemning med MUHO!

Utekino og lystenning på Prærien - Vestnorsk Utvandringssenter

Tradisjonen tru stiller Bygdekinoen opp og viser julefilm på Prærien på Sletta, og vi tenner julelysa og lager julesteming. Vi tenner vinterlys i Prærielandsbyen og sørger for varm drikke, kinosnop og god stemning som ramme kring utekinoen. Vi er kjempestolte og glade for å få vise   Tre nøtter til Askepott saman med Bygdekinoen! Dette vert ein perfekt måte å få julestemning på!  

Tid: sundag 28. november kl 18.00

  • Julelys og solnedgang over Prærielandsbyen
    Julelys og solnedgang over Prærielandsbyen

Jul på prærien - Vestnorsk Utvandringssenter

Vi vil invitere til stressfri og koseleg førjulskveld med tid til samvær for barn og vaksne, gjerne besteforeldre. I Emigranten vil vi ha julepynt, førjulsstemnig og juleluktar. Vi har eit lite juleverkstad til lage eigne små, enkle julegåver, eller de kan handle lokalproduserte julegåver som varmer, gjerne laga hos kollegaene våre på Tekstilindustrimuseet, eller ull frå Lyngheisenteret.

Husa på prærien vil også være pynta med stemingsfull julepynt og lys, som det vil vere gjennom hele førjulstida.

Tid: onsdag 8. desember kl. 17.00 - 20.00

  • kvinne ser på produkt i butikklokale
    Tove Lise Mossestad

Lucia-kveld - Tekstilindustrimuseet

Sit ned og nyt nokre rolege ettermiddagstimar med oss. Heimbakte lussekattar, gløgg og julemusikk i kaféen. På spoleloftet blir det marknad med lokale handverksprodukt frå kl. 16-20.30. Meir informasjon kjem.

I kaféen finn du fleire aktivitetsbord: Lag fine ting til jul - for liten og stor! Kl. 18.00 blir det omvising i Salhus Tricotagefabrik.

I museumsbutikken får du 10% rabatt på eigen produkt! (gjeld ikkje varer som er satt ned i pris). Velkommen til Lucia-kveld med låge skuldre!

Tid: måndag 13. desember kl. 16.30 - 21.30

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1