Lokale opplevingar og lokale julegåver
Fleire av musea våre har fine arrangement for store og små no i førjulstida. Fleire generasjonar kan skape seg gode minner saman. Vi inviterer til godt samvær, låge skuldre og julestemning med juleverkstader, julemarknad, julefilm og førjulsaktivitetar. Her kan du både få julestemning, vere med og delta i aktivitetar og sikre deg fine julegåver.
Museumsbutikkane våre og nettbutikken vår har lokalt produserte varer av høg kvalitet. Vi stiller også på Bergen julemarked 10. og 11. desember.