Hopp til hovedinnhold

Kulturminnedagane - Levande kulturarv - på Osterøy museum

Under årets Kulturminnedagar lar vi deg oppleve magien i levande handverkstradisjonar gjennom to kurs og ein mangfaldig open dag, alle i perioden frå 2. -10. september.

  • Bondeinteriør med dekket spisebord og Kulturminnedagene 2023 logo
    1/1

To kurs og Open dag

Har du sett dei flotte brakeveggane som fins rundtom, og særleg på Osterøy? Har du lurt på korleis dei vert laga? No kan du sjølv lære deg det på eit todagars kurs.

Kva med plantefarging? Alle dei flotte vekstane vi har rundt oss i naturen, korleis kan desse verte til vakre fargar på garn og tekstiler? Vi gjev deg ein innføring i dette på eit todagars kurs. 

Er du nysgjerrig på og glad i handverk? På Open dag i Kulturminnedagen kan du sjå, høyre, lukte og smake på magien i eit mangfald av levande handverkstradisjonar på Osterøy museum. Du kan også få prøve dei i ulike handverksteknikkar. 

Kursa krev påmelding. Sjå meir om under dei enkelte arrangementa. 

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1