Hopp til hovedinnhold

Steinløe i Dalstø

I januar 2019 var Kulturverntenesta i Nordhordland på synfaring til gnr 19, bnr 5 i Dalstø i Meland kommune. Bakgrunnen for synfaringa var at eigar ville ha ei vurdering av tilstanden og kulturminneverdien til steinløa.

Løa er i to etasje med flor/fjøs nede og løe oppe. Den har ei nesten kvadratisk grunnflate (ca. 7 x 7 m) er reist i tørrmur og har villskifer på taket. Alderen på løa er ikkje kjend, men konstruksjonsmåte og plassering med møneretninga på tvers av dalføret tilseier høg alder. I Nordhordland, særleg i Meland, er det mange konstruksjonar i tørrmur; som vernemurar for våningshus, løer og naust, i jordkjellarar samt i ei rekkje andre byggverk. Den utstrekte bruken av tørrmur er eit særtrekk for Nordhordland. Sjølv om slike konstruksjonar er vanlege å sjå i landskapet her, er det uvanleg å sjå slike bygningar som løa i Dalstø, med stein i både veggar og tak.

Det er no lekkasje i taket, og fleire av sperrene er i ferd med å gje etter. Difor må skiferen merkast og takast ned, sutak må merkast og takast ned, sperr må bytast/forsterkast. Deretter må det gamle sutaket, som er gamle båtbord, leggast på plass att før skiferen vert lagt på til slutt.

Det vart søkt om støtte til istandsetting frå Meland kommune, Hordaland Fylkeskommune, Norsk kulturminnefond og Stiftelsen UNI. Finansieringa er no på plass, og byggmeister Haakon Kvestad er no klar til å ta til med arbeidet.

  • steinløe med eit tre og eit kvitt trehus bak, solskin på landleg landskap
    1/1
    Steinløe på Dalstø Arild Sætre/Kulturverntenesta i Nordhordland
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1