Kurs og aktivitetar
Vi arrangerer kurs om lyngheiskjøtsel, tørrmuring, ullsortering, plantefarging og yoga. Følg med på kalenderen eller ta kontakt med oss.
Dette er berre nokre av aktivitetane du kan delta i på Lyngheisenteret og i nærområdet i løpet av året:
- Livet i fjøra – familiedag om det som rører seg i fjøresteinane
- gardsbesøk – møt villsauen, raudkollene og hønene
- lokalmat – ver med på å lage eit måltid av lokale råvarer
- praktisk gardsarbeid
- ullsortering, plantefarging, nålefilting og toving
- yoga
- fisking og bading i nærområdet
- …eller berre nyt ein roleg dag på Lygra
Faste arrangement
Familiesøndag
Siste søndag i månaden frå mars til november har vi ulike aktivitetar for heile familien.
Sauesanking
Bli med på å sanke villsau i lyngheiene! I byrjinga av juni og oktober kan både barn og vaksne vere med på sauesanking på Lygra.
Viking- og mellomalderdag
Bli med oss tilbake i tid! Fast arrangement i august.