Hopp til hovudinnhald

Blåknapp

Utetter seinsommaren og hausten kan du hist og her i lyngheiane sjå nokre halvkuleforma, fiolette blomsterhovud på ein lang stilk stikka opp frå lyngen. Dette er blåknapp.

  • 1/1

Den kan sjå ut som ein korgplante, men det er den ikkje. Det som derimot er lett å sjå, er at alle dei små blomstrane som sit i hovudet først er i ein hanleg fase med pollenknappane stikkande ut frå einskildblomane. Dei har rikjeleg med nektar og vert difor flittig vitja av alle slags insekt, både humler, bier, sommerfuglar, biller og flogar. Først når det er slutt på blomsterstøvet kjem blomsterhovudet i hunleg fase med griffel og arr stikkande ut frå småblomstrane. På denne måten unngår planten sjølvbefrukting, og avdi bløminga held fram langt utetter hausten, vil det alltid vera planter i begge fasar til å sikra krossbefrukting. Nokre stader vert blåknapp kalla for humleblom avdi det er den siste nektarkjelda humlene har før vinteren. 

Medisinplante

Blåknapp finst over store delar av landet nord til Lofoten, men især er den vanleg i lyngheiane på Vestlandet. Den veks gjerne der det er litt fuktig, men nokon myrplante er dette ikkje. Frå gamalt vart blåknapp sett på som ein verdfull medisinplante. Alt i mellomalderen vart avkok av blåknapp nytta mot hudplagar som skabb o.l. I våre dagar stiller nok fagfolkene seg tvilande til om dette har nokon verknad. Derimot er blåknapp god til plantefarging og vart nytta til grønfarging at tøy.

Blåknapp og raudknapp

Når du ser noko som ser ut som blåknapp ute i lyngheiane, ja då kan du vera trygg på at det er blåknapp. Andre stader er det lurt å sjekka om det er raudknapp du ser. Dei to plantene kan vera like, men blomsterhovuda hos raudknapp er flatere. Dessutan har den sterkt flika blad oppetter stengelen, medan blåknap for det meste har heile blad. Dei to plantene har òg ulike voksestader, blåknapp veks som nemnt oftast på våtlendt mark og er især vanleg ute på lyngheiane. Raudknapp er ein tørrbakkeart som du finn på gamal slåttemark og i åkerkantar — men ikkje i lyngheiane her på Vestlandet. Raudknapp har truleg kome til landet med jordbruket, medan blåknapp har funnest i her sidan siste istid. Men kva med fargen? Diverre er ikkje blåknapp blå og raudknapp raud. Begge er fiolette, blåknapp er oftast litt mørkare med eit blåleg skjær, medan raudknapp er ljosare med eit raudleg skjær. Det kan vera stor overlapp i fargenyansar. I Danmark, kor begge plantene er vanlege, kallar dei vår raudknapp for blåknapp. Større er ikkje fargeskilnaden. Men vår blåknapp kallar danskane for «djævelsbid». Dette kjem seg av at rotstokken er tjukk, men særs kort, det ser ut som om nokon har hogd eller bite av den nedre delen. I fylgje folketrua var det sjølvsagt djevelen som hadde gjort dette. Han ville ikkje at folk skulle ha glede av den medisinske krafta til blåknappen.