Einstilka bregne
Diverre har vi litt for mykje einstape på Lyngheisenteret. Det kjem av at her er eit godt jordsmon. Den lett forvitrande bergarten har opp gjennom åra gjeve mykje vitringsjord med framifrå veksetilhøve for einstape. I område med skrint jordsmon trivst derimot ikkje denne bregnen. Medan dei fleste bregnar har blad som kjem rett opp frå jorda, har einstape ein høg, kraftig stilk med eit digert trekanta, flika blad. Det finst andre bregnar som òg har slik stilk, men dei er mykje mindre.
Kan bli bregnejungel
Einstapen (Pteridium aquilinum) vert vanlegvis over meteren høg, trivst den godt kan plantane verta bortimot mannshøge. Då snakkar vi om bregnejungel! Det mest imponerande med planten ligg likevel under bakken. Der har den eit enormt og sterkt forgreina system av jordstenglar som bladstilkane veks opp frå. Desse jordstenglane ligg som ein vev av svarte, blyanttjukke ledningar litt ned i jorda. Der tilhøva ligg til rette veks desse jordstenglane vidare utover med god fart. Over bakken kan du sjå korleis fronten på bregnekolonien flyttar seg merkbart frå det eine året til det andre. Når du ser ein slik koloni med tusenvis av bregneblad, kan det heile godt vera eitt individ. Det vert omlag som eit underjordisk, utflytande tre eller busk, kor alle greinane ligg under jorda, og berre blada kjem opp i dagen.
Same art i heile verda
Einstape er eigentleg ein fasinerande bregne, for den veks over heile kloden. Same arten. Vanlegvis har dei fleste plantegrupper ulike artar i dei ulike verdsdelane, men einstape er den same over alt. Og den er eit problem for sauebøndene enten dei bur på New Zealand, i Argentina, Skottland eller Tyskland. Ingen beitande dyr vil eta einstape. Den inneheld stoff som er giftige over tid, mellom anna er den kreftframkallande både for menneske og dyr.
Fjøsstrø og rotteskremsel
Sjølv om bregnen ikkje kunne nyttast til fôr, kunne einstapen nyttast på andre måter. Den vart slege, turka og nytta til «undebreidsle» i fjøset under dyra, ofte blanda med turka, oppsmuldra torv (mold). Det heitte seg at udyr ikkje likte einstape, difor vart blad frå bregnen lagt i potetkjellarar for at rotter og slikt ikkje skulle komma til. Likeeins vart turka einstape nytta i sengehalmen for å halda loppene unna.
Spreiing og bekjemping
Einstape har spreidd seg kraftig både i lyngheiane og i anna type utmark dei siste tiåra. Dette har fleire årsaker, men over alt heng det saman med endra arealbruk. På Lygra veit vi at einstape spreidde seg mykje etter krigen, då lyngheiane ikkje lenger vart nytta til kubeite. Kyrne et ikkje einstapen, men dei trakkar den sund og legg seg på den. Sauene går derimot berre unna. Heller ikkje er det nokon som slår einstape lenger. I lyngheiane er det òg eit problem at einstape vert favorisert av lyngbrenning. Difor lyt brenning av lynghei med einstape følgjast opp i ettertid med avbøtande tiltak så godt det let seg gjera.For å fjerna einstape er det sjølvsagt utvikla ulike sprøytemiddel. Nokre stader i verda sprøytar dei mot einstape frå fly!
Kan nedkjempast utan gift
På Lyngheisenteret har vi i årevis arbeidd med å finna ein brukbar måte å nedkjempa einstape utan å nytta gift. Det er fleire måter å gjera dette på. Det enklaste er å etterlikna ei ku med å trakka eller valsa ned bregnane. Ei anna måte er å knekkja stilken med ein kjepp, helst før bladet er heilt utvakse. Då vil bladstilken stå og trekkja ekstra næring opp frå jordstengelen ei tid, før den sender opp eit nytt blad. I store, tette førekomstar som dei vi har på Lygra, er det mest effektivt å slå bregnen. Om dette gjerast like etter at blada er fullvaksne i juni, har jordstengelen brukt mykje energi på å laga det store bladet, men har enno ikkje fått noko særleg næring attende. Etter ei tid kjem det eit nytt blad, vanlegvis ut i juli. Dersom dette vert slegen på same måte, omlag i byrjinga av august, vil ikkje jordstengelen makta å senda opp fleire blad den sommaren. Med systematisk bregneslått på denne måten over fleire år, vil kolonien av einstape vera merkbart svekka etter 2-3 år, og etter omlag 5 årer den så godt som borte. Vi har fleire døme på Lyngheisenteret kor tettvaksen einstapemark er omdanna til gras- og lynghei.