Hopp til hovedinnhold

Solkraft

Sola sender 1 500 gonger meir energi til Noreg enn det vi forbrukar, og det er eit stort potensiale i å produsere eller spare energi dersom vi utnyttar sola som energikjelde.
Vi kan nytte energien frå sola til å produsere straum gjennom solcellepanel, fange varmeenergi gjennom solfangarar og utnytte varmen frå sola passivt.

  • 1/1

Solinnstråling på Vestlandet

På Vestlandet tek vi i mot ei solinnstråling på mellom 600 og 900 kWh/m2/år på horisontale flater. Det er likevel store geografiske skilnadar på solinnstråling fordi vi har høge fjell og djupe dalar som fordelar solinnstrålinga ulikt. 

Solcellepanel treng ikkje direkte solstrålar for å produsere straum? Det er lyset, og ikkje solstrålane, som er viktig for at solcellepanela skal produsere straum. Derfor kan dei fungere godt på lyse, overskya dagar.

Også om vinteren kan solcellepanel fungere godt, til tross for at det er færre timar med dagslys. Solcellepanela fungerar nemleg betre i kalde enn varme temperaturar. Ideell temperatur er nokre få minusgrader., men det må sjølvsagt også vere mykje lys for at solcellepanela skal produsere straum. 

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1