- 1/1
Aktiviteter
Velkomen til Familiesøndag på Lyngheisenteret under Ullveka
Bli med på nålefiltingskurs med Ann Elin Kringlen Ervik frå La Humla Suse, der du kan lage ei humle av ull.
Humlene er lodne og runde, og dei har flotte fargar. Tenk at vi har 35 humlearter i Noreg, og vi kan kjenne dei att på stripene!
Kurset er frå 12.30- 15.00 og passar for born frå 3 til 4 år og oppover, og det er ikkje nødvendig med forkunnskapar.
Aktiviteten er gratis.
Praktisk informasjon
Inngang til informasjonsbygget, Matstova og utstillinga Sirkulære Nordhordland er gratis.
Prisar film og utstilling:
- Vaksne kr 110
- Student kr 80
- Born til og med 16 år går gratis
Filmen varer 21 minutt og vi set den på etter ønskje. Sett av minimum 10 minutt til utstillinga, men her kan du gjerne bruke meir tid. Utstillinga er open i heile opningstida. (Unntak kan forekomme)
Museet og Matstova er open kl 12.00- 17.00 (varm mat til kl 16.30)
I butikken kan du kjøpe is og brus, villsaugarn, honning, bøker, leikar og mykje anna.
Velkomen til ein ullen dag ved fjorden!