Hopp til hovudinnhald

Familiesøndag: Slåttesøndag

Velkommen til familiedag med tradisjonell slått og hesjing.
Vi får eksperthjelp av Tove Mostrøm frå Havråtunet gard.

Bli med på tradisjonell slått og hesjing med Tove Mostrøm frå Havråtunet.

Lyngheisenteret
28. juni 2026
12.00 – 17.00
  • barn slår gras med ljå
    1/1

Slåtten på gamlemåten

Artsrike slåttengar er ei av våre mest trua naturtypar. Her finst det mange ville blomar som pollinerande insekt er heilt avhengig av. Svært mange fuglar er og tilknytta gamle slåttenger. No kan du vera med å skjøtte ei slik eng på Lyngheisenteret på Lygra.

Graset slår vi med ljå, bankeljå og stuttorv, vi raker og hesjer - akkurat slik dei gjorde det før i tida, og alt kan du få vere med på! 

Vi har fått med oss slåtteeksperten Tove Mostrøm frå Havråtunet gård til å hjelpe oss med slåtte- og hesjeteknikken.

Leikar

Det blir hesteskokasting, du kan gå på stylter og teste styrken med å holde "melkespann" (bøtter) - diplom til alle born. Nede i Naustvika er det fint å bade og sjå etter skjel og småkrabbar. Krabbesnører får du kjøpt i resepsjonen. Gode fiskeplassar er der óg.

Program

12:30- 14:30: Slått og hesjing i slåtteng utenfor infobygget

14:30 -16:30: Leik og moro (hesteskokasting, melkespann, stylter etc) eller tur til fjæra. 

Aktivitetane er gratis.

Servering i Matstova

I cafèen vår vert det mogeleg å kjøpa seg suppe, middag og vaffler basert på lokal råvarer. Varm mat er tilgjengeleg mellom 12.30- 16.30.

Meny og prisar 

Film og utstilling

Filmen om korleis Mandus og Klara levde i tråd med lyngheitradisjonane heilt fram til 1970- talet varer 21 minutt og vi set den på etter ønskje.

Utstillinga Det stig av hav er open heile opningstida. Sett av minimum 10 minutt til utstillinga, men her kan du gjerne bruke meir tid. 

Prisar film og utstilling: Vaksne kr 110/ student kr 80 og born t.o.m 16 år er gratis

 

Om utstillinga Det stig av hav

Sirkulære Nordhordaland om korleis regionen Nordhordland når FN`s bærekraftsmål er gratis.

Om Sirkulære Nordhordland

Opningstider:

Museet og Matstova er open kl .12.00 - 17.00
I butikken kan du kjøpe is og brus, villsaugarn, honning, bøker, leikar og mykje anna.

Velkomen til ein kjekk dag ved fjorden!