Finn vegen

Lyngheisenteret ligg på den landfaste øya Lygra i Lurefjorden, Alver kommune i Nordhordland, ca. 50 km nord for Bergen. Hit kan du komme både med bil og båt.

Lyngheisenteret_GoogleMaps.jpg (Foto/Photo)

Adresse

Lyngheisenteret
Lurevegen 1575
Ytre Lygra
5912 Seim

Bil

Med bil tek det ca. 30 min frå Knarvik, og 55 min frå Bergen sentrum. Følg E 39 nordover frå Bergen, ta til venstre (RV57) mot Leirvåg (Mongstadvegen) i rundkøyringa før Knarvik, følg RV 57 til Seim og følg skiltinga vidare til Lyngheisenteret.

Buss

Det går buss frå Bergen og Knarvik til Lygra Snuplass. Derifrå er det 600 m å gå til Lyngheisenteret. 

Båt

Med Norled sin ekspressbåt tek det ca. 45 min frå Bergen. Hugs å bestille billett til Lygra kai helst éin dag før reisa til/frå Lygra, eller ring Norled. 

På vestsida av Ytre Lygra har vi ei eiga flytekai for Lyngheisenteret. Her stoppar ekspressbåtane til Bergen, Sogn og Nordfjord. Det tek 15 min å gå frå Lygra kai til Lyngheisenteret. Stien frå kaien er ikkje eigna for gjestar med gangvanskar. Kaien kan brukast til private båtar, men berre til avstiging og påstiging. Kontakt oss for meir informasjon. 


Norled: tlf. 51 86 87 00 / (Vestland - Sogn 7 Nordfjord / Flåm - Bergen)