Det finst ein art som liknar, skogmarihand, men den er ikkje så nøysam og veks i skog. Det er lite truleg at du finn den på Lygra. Derimot kan du koma til å treffa på nattfiol. Den finst her ute her og der. Den ser heilt annleis ut med snøkvite orkidéblomstrar som lysar opp på lang lei.
Orkidéfamilien er ein av verdas største plantefamiliar med omlag 25000 artar på verdsbasis. Dei fleste høyrer heime i tropene, her i Noreg har vi mellom 30 og 40 artar, avhengig av kor fintreknande ein skal vera. Orkidéane er på mange måtar ei hugtakande plantegruppe. Ikkje berre har dei ein utruleg variasjon av vakre, fargerike blomar.
Samarbeid med både insekt og sopp
Innan orkidéfamilien finn vi noko av det mest avanserte samspelet mellom blomster og insekt som finnast i naturen. Dei fleste orkidéslekter kan berre støvast og befruktast av «si» særskilde insektgruppe. Her er det snakk om tilpassingar som har gått føre seg gjennom millionar av år.
Orkidéane er òg avhengig av eit anna samarbeid. Hvis blomstrane først vert befrukta, har planten ein enorm frøproduksjon. Men dei einskilde frøa er ørsmå, hos nokre artar er dei så små at dei berre er synleg i mikroskop. Og dei inneheld korkje opplagsnæring eller kimblad som anna frø. Det heile er berre ein liten celleklump som fyk avstad med vinden. Desse frøa er sjanseløse med mindre dei havnar på overflata til «si» særskilde soppgruppe. Då spirer dei, men lever dei første åra under jorda, nærast som ein del av soppen. Soppen på si side hentar næringa som orkidéen treng frå samarbeid med andre grøne plantar eller tre.
Namnet skjemmer ingen?
Namnet orkidé kjem frå det greske ordet for testikkel. Dei fleste orkidéar har to jordknollar, og hvis du grev dei opp (ikkje gjer det! - dei fleste orkidéar er fredlyste, og alle lyt få stå i fred), vil du sjå at dei minner om - ja testiklar.
Namnet marihand kjem av at jordknollane til dei fleste marihandartane har fleire fingerliknande flikar som kan sjå ut som ei hand. I folketrua fekk dei sjølvsagt namn etter omfru Maria. Dei to jordknollane er ikkje like. Den eine er ljos og full av næring for planta som skal veksa opp neste år. Den andre er mørkare og meir eller mindre innskrumpa, for her har årets plante henta si næring.
Denne skilnaden har sjølvsagt folk lagt merke til, og medan den ljose knollen fekk namn etter jomfru Maria, fekk den mørke ulike namn etter djevelen. Eit anna populært namn var Adam og Eva. Og sjølvsagt, dei to knollane vart og nytta som potensmiddel. Namn som yksnegras, hugvendel og elskhugsgras talar sitt tydeleg språk. Som vanleg med slike middel finst det korkje medisinsk eller anna vitskapleg stadfesting på at det verkar. Knollane skal derimot ha ei viss slimløysande verknad ved hoste. Men det finst nok langt betre middel å få på næraste apotek. Så difor: neste gong du ser ein flekkmarihand eller ein annan orkidé, lat dei stå i fred. Dei er framifrå symbol på det vakre og kompliserte samspelet vi finn overalt i naturen.
- 1/1