Hopp til hovedinnhold

Introduksjon til fotosyntesen

Fotosyntesen er ein svært komplisert biokjemisk prosess, og det er tildelt mange nobelprisar til forskarar som har greidd å forstå detaljar i fotosyntesen. Heldigvis er dei grunnleggjande stega i fotosyntesen ikkje så kompliserte, til trass for at dei er grunnlaget for det meste kring oss - inkludert oss sjølve!

Dei kjemiske ingrediensane

(Synes du dette avsnittet er komplisert? Ingen fare, berre hopp vidare til neste avsnitt!)

Mange kjenner fotosyntesen som den kjemiske formelen:

6CO2+12H2O⟶C6H12O6+6O2+6H2O.

Denne kan ein også beskrive som:

6 karbondioksidmolekyl og 12 vassmolekyl blir omgjort til eit stort sukkermolekyl, 6 oksygenmolekyl og 6 vassmolekyl.

Enkelt forklart

Enkelt forklart er fotosyntesen ein genial oppfinnelse som plantar brukar til å produserer handfaste byggeklossar fulle av energi frå vatn og litt luft ved hjelp av solenergi. Fotosyntesen gir byggeklossar som er laga av sukker (eit karbohydrat), og desse kan utviklast vidare til andre byggeklossar, som feitt og protein. Desse byggeklossane er bittesmå, men når det er mange av dei blir dei til store plantar. Dersom du går ut og plukkar ein neve gras eller legg handa di på ein trestamme så står du med handa full av noko som er laga av byggeklossane frå fotosyntesen. Desse byggeklossane flyttar seg vidare til dyr som et plantar, dyr som et dyr, og alt vi lagar av noko som ein gong har vore levande, slik som plast, klede, papir og mat.

Kvifor ville vi ikkje hatt plast utan fotosyntese?

Stussa du over at plast er laga av noko som ein gong har vore levande? Tradisjonell plast er basert på olje, og olje er danna av plantar som levde for mange millionar år sidan. Desse plantane dreiv også fotosyntese, og utan den hadde vi ikkje hatt olje i dag. Bioplast er eit alternativ til plast laga av fossil olje. Bioplast er laga av plantar som lev i dag, ofte mais eller sukkerrør. Både tradisjonell plast og bioplast er avhengig av fotosyntesen.

Kvifor karbon?

Karbon er den viktigaste enkeltkomponenten i fotosyntesen, og finnast i alt levande. Karbon har fått ei så sentral rolle av fleire grunnar:

1) Karbon festar seg lett til andre grunnstoff og kan inngå i svært ulike sambindingar. Dette gjer at ein kan bruke karbon som ingrediens i svært mange molekyl.

2) Karbon finnest naturleg i store mengder over heile Jorda.

Ei verd utan fotosyntese

Utan fotosyntese ville svært mange ting rundt oss ikkje eksistert. Materialer som vatn, stein, sand, betong, glas, metall og gips er ikkje danna frå fotosyntese, medan plantar, dyr, jord, treverk, plast, bomull og ull er avhengig av fotosyntese. Sjå rundt deg og forestill deg verda utan fotosyntesen!

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1