Hopp til hovedinnhold

Lyngen

Visste du at meir enn halve fastlandsnoreg er dekka av lyng? I Nordhordland finn du lyng frå dei ytste øyane, gjennom kyst- og skoglandskapet og heilt opp til fjellet. Lær meir om nokre av dei vanlege lyngplantane våre.

Lyng er viktigare enn du trur

Enten du er på kysten, i skogen eller på fjellet er det stor sjanse for at det veks lyng på bakken. Lyngplantane er nøysame samanlikna med dei fleste andre plantar. Derfor veks dei gjerne på næringsfattig, surt og skrint jordsmonn der andre plantar ikkje trivast. Lyngplantane toler ofte tørke godt, ei tilpassing som gjer det mogeleg å vekse på skrinn jord som lett tørkar ut. Lyngplantane kan vere så utbreidt at dei dannar lyngheier både langs kysten og på fjellet. Også i skogane kan lyngen vere så dominerande at vi hellar talar om ein lyngskog enn ein gran- eller furuskog. 

Nettopp lyngplantane si evne til å vekse i stort omfang på surt og næringsfattig jordsmonn har gjort dei til ei viktig plantegruppe, både for oss menneske, andre artar og måten økosystema fungerar på. 

Lyngplantane er mat for mange. Som menneske kjenner vi godt bæra vi får frå artar som blåbær, tyttebær og krekling. I kystlyngheiene er røsslyngen utbreidd som ein viktig beiteplante for sau, og for ville pollinatorar er bløymande lyngblomar frå april til september eit populært matfat over store delar av landet. Lyngplantane veks som små skogar og skapar leveområder for insekt og andre smådyr, samstundes som dei held jordsmonnet på plass og hindrar erosjon. Gjennom samarbeid med rotsoppar i jorda har lyngplantane innverknad på korleis organisk materiale blir omsett og kva næringsstoff som blir tilgjengelege for andre plantar. Dette aukar jorda si evne til å binde karbon, og kan ha innverknad på reguleringa av klimaet. 

Møt artane

I Noreg har vi 35 artar i lyngfamilien (Ericaceae). I talet på individ er dei ei av dei vanlegaste plantefamiliane våre, også i Nordhordland. Lær meir om nokre av dei vanlegaste artane våre her.

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1