Hopp til hovudinnhald

Vigdis Vandvik

Vigdis har arbeidd med den kulturpåverka naturen langs kysten og i fjellet sidan ho var masterstudent på Universitetet i Bergen på 90-talet. I dag er ho ei viktig nasjonal stemme for berekraftig bruk av naturareala våre, fagekspert i fleire nasjonale og internasjonale arbeidsgrupper og leiar av fleire store og spennande forskingsprosjekt.

  • 1/1
    Foto: Siri Haugum

Økologiske briller

- Mi første "aha-oppleving" undervegs i biologiutdanninga hadde eg ein sommar eg var heime i Levanger. På veg heim frå festleg lag ein sein sommarkveld falt blikket mitt på plantane i grøftekanten, og eg tenkte at "oi, her er det jo kalk!". I grøfta sto det nemleg nokre kalkkrevjande planteartar som med sin tilstendeverelse avslørte kva dei fann i jorda, fortel Vigdis. 

Å bruke kunnskapen om natur og artar til å forstå landskapet kring seg og dermed og kunne sjå påverknadar og endringar over tid er eit viktig verktøy for å ta vare på naturen, og noko Vigdis er oppteken av at biologistudentane ved Universitetet i Bergen får med seg i bagasjen.

Menneskeskapt tilpassing hos røsslyngen

Du har forska mykje på kystlyngheier i Noreg, og særleg i Nordhordland, Vigdis. Mellom anna har du og kollegaene dine oppdaga at røsslyngen langs kysten har ei tilpassing til brann, medan røsslyngen innover i landet og oppover i fjellet ikkje har denne tilpassinga. Korleis forskar ein seg fram til dette?

Lyng i klimasystemet

Når ein besøker Lyngheisenteret på Lygra kan ein møte både norske og internasjonale forskarar og studentar som gjer målingar i lyngheia som ein del av DURIN-prosjektet du leiar. Fortel!

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2