Også plantar treng mat!
Plantar treng mat for å få energi til å vekse, reparere skadar og reprodusere. Plantar har ikkje munn og mage, og kan ikkje ete mat slik som dyr kan. I staden lagar plantane sin eigen mat gjennom fotosyntesen. Ved hjelp av CO2 frå lufta, vatn frå jorda og solenergi lagar dei sukker. Noko av dette sukkeret kan dei bruke som energikjelde på same måte som menneske og andre dyr får energi frå maten vi et.
- 1/1
Plantar tek opp CO2 i fotosyntesen, men pustar også ut CO2
Når plantane bryt ned sukkeret dei har laga i fotosyntesen for å få energi, pustar dei også ut CO2 som er avfallet frå nedbrytinga av sukker. Plantane har ikkje lunger, men "pustar" oksygen og CO2 ut og inn gjennom små porer i blada.
- 1/1
Når du et mat pustar du ut karbon
Når vi menneske, eller andre dyr, bryt ned mat for å få energi til å bevege oss, halde oss varme eller vekse, produserer vi CO2 som eit avfallsprodukt. Dette pustar vi ut gjennom lungene våre. Karbonet i maten vår kjem frå fotosyntesen til plantane, og forlet kroppen vår gjennom lungene.
- 1/1
Nedbrytarane sørger for at daude plantar og dyr forsvinn
Det er smår dyr, soppar og bakteriar som står for nedbrytinga ute i naturen. Dei får maten sin ved å bryte ned byggesteinane som vart forma i fotosyntesen, og når dei pustar ut blir CO2 sluppe ut att i atmosfæren. Dersom det manglar oksygen i miljøet til nedbrytarane blir det danna metan (CH4) i staden for CO2. Førestill deg korleis verda ville sett ut dersom nedbrytarane ikkje fjerna daude plantar og dyr!
- 1/1
Karbonkretsløp i balanse og ubalanse
Karbonet som plantar og dyr slepp ut i atmosfæren som CO2 eller metan er om lag i likevekt med karbonet som blir bunde i fotosyntesen til plantane. Dette kallar vi det korte karbonkretsløpet.
For mange millionar år sidan vart det bunde