På voksestader med låg pH vert blomane fiolette på farge. Det mest særprega med denne planten er sjølve blomen. To begerblad lagar ein blå reklameplakat, og tre kronblad veks saman til eit blått røyr, ytst med nokre kvite frynsar. Inni dette røyret er det ein sinnrik mekanisme som skal sikra at planten ikkje befruktar seg sjølv, så sant kunnige humler og bier finn ut av systemet. Hvis ikkje har planten ein sikringsventil som gjer at den befruktar seg sjølv likevel. For frø skal det bli!'
Mange triks på lur
Når blomen er mjøla har den ikkje lenger bruk for reklameplakat, og då får dei to begerblada nye oppgåver. Dei mistar fargen og veks ut som ein flygevinge for frøkapselen. Når frøa er mogne flyr så heile kapselen av stad med vinden. Først når den landar på bakken opnar kapselen seg, og då harfrøa endå eit triks på lur. På kvart frø er det ei slik lita oljepute som maurene liker. Finst det maur i nærleiken kjem dei springande og tek med seg frøa, men når puta er oppeten hiv dei frå seg frøa. Det er ikkje mange planter som er tilpassa både til vindspreiing og maurspreiing.
Fleire blåfjørartar
Heiblåfjør har ei storesøster og ei lillesøster. Storesøstera heiter storblåfjør og veks på gamal slåtte- og beitemark over store delar av Sør-Noreg, og er også ein vanleg gjest i kystlyngheia. Den har spreidde blad oppetter stengelen, medan blada hos heiblåfjør sit meir parvis. Lillesøstera heiter bitterblåfjør og finst berre på kalkrik berggrunn austpå og litt i Trøndelag. Heiblåfjør er som namnet seier først og fremst knytt til lyngheiane, og ho har eiutbreiing her i landet omlag som kystmaure. På same vis følgjer ho lyngheiane sør gjennom Europa heilt til Portugal.
- 1/1