I denne familien finn vi ikkje berre nytteplantar, her finst òg nokre av våre verste ugras, til dømes hundekjeks, og nokre av dei giftigaste plantane i vår flora. Mest frykta er selsnepe, og frykta for denne planten gjer at mange ikkje torer plukka ein einaste skjermplante. Men dersom ein veit kva ein skal sjå etter er dei viktigaste skjermplantane greie å kjenne att. Jordnøtt liknar korkje på selsnepe eller andre av dei giftige skjermplantane. Det er ein liten, grann plante, omlag 30 cm høg, med kvite blomstrar i skjerm og små blad som kan minna litt om tynne karveblad.Jornøtta har ein spiseleg jordknoll med tydeleg nøttesmak.
Utover i juli visnar heile planten bort, og då er det fåfengt å leita etter jordnøtt. Utanom på Vestlandet, er jordnøtt berre vanleg i Storbrittannia, i vestlege deler av Frankrike og i Nord-Spania. I Frankrike og Spania har den namn som tyder ulike variantar av «jordkastanje», men ikkje i Normandie! Her heiter den «jarnott» og liknande variantar av det norske namnet. Dette fekk den kjende norske botanikkprofessoren Jens Holmboe til å hevda at det i Normandie ein gong må ha vore ein sterk kulturell påverknad frå Vestlandet, ettersom jordnøtt ikkje finst andre stader i det norrøne språkområdet. No er det vel kjend at hertugdømmet Normandie i si tid vart skipa av den vidgjetne vikingen Gange-Rolv, også kalla Rollo, som i dei franske mellomalderskriftene vart omtala som «Le Danois». I København har dei difor sjølvsagt hevda at han var dansk. Men ifølge Snorre var han son til Ragnvald Mørejarl, ein av Harald Hårfagre sine fremste menn på Vestlandet. Sriden om Rollo var dansk eller norsk har rast i over hundre år. Siste nytt har vore DNA-testing. Rollo er det ikkje noko att etter, men skjelettrestar frå fleire av etterkomarane hans har vore testa —til inga nytte. I denne striden var det at Holmboe hevda, lenge før DNA-testing var oppfunne, at jordnøttnamnet i Normandie tyder på at Snorre hadde rett. Seinare har det kome fram at det òg i England finst «norske» namn på jordnøtt. I Yorkshire, nord for byen York, heiter planten «yornut», «jurnut» og liknande. I resten av Storbritannia har den heilt andre namn som ikkje har noko med norrønt språk å gjera. Det var stor kontakt mellom Vestlandet og områda kring York både i vikingtid og tidleg mellomalder, og på same måte som i Normandie vart plantenamnet verande att som eit minne om denne kontakten.
- 1/1