Miljøgifta tributyltinn har i mange tiår blitt brukt i båtmaling for å hindre at algar og smådyr festar seg til skroget.
Tributyltinn er skadeleg for mange organismar. Mellom anna har det ført til at mange hoer av purpursniglar har fått hannlege kjønnsorgan og blitt sterile, og bestandane har blitt mindre.
- 1/1
Forbode
i 2008 vart tributyltinn forbode, og etter det har bestanden av purpursnigel auka. samstundes ser vi at blåskjel forsvinn fleire stadar.
forskarane lurer på om blåskjela forsvinn nokre stadar fordi det blir fleire purpursniglar. purpursnielen et blåskjel ved å bore seg gjennom skalet.
Når vi ser at blåskjela forsvinn er det lett å bli bekymra for at miljøtilstanden i havet er dårligare. Men kan det kanskje vere eit teikn på at miljøtilstanden faktisk har blitt betre?