Hopp til hovedinnhold

Konsert med Signe Førre kvartett

Vi har gleda av å invitere til konsert med Signe Førre Kvartett i Matstova på Lyngheisenteret, sundag 2.mai kl 18.

  • kvinne med kontrabass
    1/1

Signe Førre Kvartett er eit spanande nytt band med musikarar med ulik sjanger-bakgrunn som speler hovudsakeleg folkemusikk frå ulike kulturer. Kontrabassist, vokalist og komponist Signe Førre er jazzmusikar, og har blitt beskreve som ein «stor kunstnar» og hennar bass-spel som «virtuost» av Avisa Hordaland.

Signe Førre vart tildelt midlar frå Det norske komponistfond for å skrive eit tingingsverk til Finnesloftet i 2019. Musikken er ei reise gjennom ulike kulturar og tidsperiodar der ho tek oss med i hennar univers der folkemusikk og jazz vert smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement på musikk i frå ulike kulturar, der ho syng på alle orginalspråka! Dette innebærer serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk m.m. 

Konserten i Finnesloftet vart tidleg utseld og ein stor suksess! Saman med Jo Asgeir Lie på trekkspel, Kåre Opheim på trommer og perkusjon, er Signe Førre klar til å syna fram musikken på ny! Ho har videreutvikla verket og i tillegg til Jo Asgeir Lie og Kåre Opheim, er Torbjørn Økland med på trompet og ulike strengeinstrument som bouzouki og gitarar!

Litt om musikarane: 

Signe Førre debuterte som bandleiar allereie som 19 åring under Vossa Jazz 2014 samman med Elisabeth Lid Trøen på saksofon, Eivind Austad på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Ho har også spelt konsertar med fleire kjende namn som Andy Sheppard, Marius Neset, Laura Jurd, Zoe Rahman, Dag Arnesen m.fl. Signe Førre har i tillegg sin eigen jazztrio med Erlend Slettevoll på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Som komponist har Signe Førre skrive mykje variert musikk og hennar fyrste song nytta Andy Sheppard på turné med World Expression Band.

Torbjørn Økland er kanskje mest kjend som gitarist i Haugesunds-gruppa Vamp frå 1991 til 2014. Dei har vunnet fleire Spellemannspriser, blant anna Årets Spellemann i 2006. Saman med Paul Hansen og Carl Øyvind Apeland, begge tidlegare Vamp- medlemmar, starta han i 2015 bandet Blest som gav ut sitt sjølvtitulerte debutalbum i 2017. Økland har vore benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar, blant anna Helene Bøksle, Grethe Svensen, Hanne Krogh, Elin Furubotn, Anne Grethe Preus, Anita Skorgan, Rein Alexander, Mikis Theodorakis, Arja Sajonma, Lillebjørn Nilsen, Bjørn Eidsvåg, Di Derre m.fl.

Jo Asgeir Lie er rektor ved Ole Bull akademiet. Han er fast medlem av gruppa Kvarts, som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. For tida samarbeidar Kvarts med Jonas Fjell. Lie har ellers samarbeida med ei lang rekkje musikarar og ensembler som blant anna Ole Paus, Henning Kvitnes, Ragnhild Hemsing, KORK, Trondheim Solistene, Stein Torleif Bjella m.fl. Han har sjølv skrive musikk for ei rekkje ensembler og prosjekt og har i tillegg ein duo saman med Carl Petter Opsahl.

Kåre Opheim er fast medlem av gruppa Hildo og Real Ones som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. Han har deltatt på ei rekkje album og spelar fast med kjende namn som Karl Seglem og Sigrid Moldestad. Kåre Opheim er ein allsidig musikar som spelar musikk i frå mange ulike sjangrar, og har blitt benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar som Marit Larsen, Odd Nordstoga, Ole Paus, Herborg Kråkevik, Berit Opheim, Stein Urheim, Mike Gallaher m.fl. 

Det er mogeleg å kjøpe seg sundagsmiddag i Matstova frå kl 12. Varm mat må bestillast innan kl 16. Sjå heimesidene for meny nokre dagar før. Bordbestilling til lyngheisenteret@muho.no eller 56356410.

Vi tek sjølvsagt omsyn til dei gjeldande smittevernreglane i følgje FHI og Alver Kommune. Hjarteleg velkomen til Lyngheisenteret på Lygra!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1