Hopp til hovudinnhald

Kurs i sur sylting - sjølberging og bedredskap

Lær tradisjonelle metodar for å ta vare på mat i dette praktiske kurset om sjølvberging og beredskap. I dette kurset får du innføring i tørking, salting, speking, hermetisering og sylting av grønsaker.

NB! Arrangementet har funne stad

Velkomen til eit praktisk kurs i sjølvberging og beredskap på Lyngheisenteret!

Lyngheisenteret
10. april 2026
12.00 – 17.00
  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4
    Ruben Soltvedt

Kva kan du forvente?

I godt sammarbeid med Jordbrukskulen i Aurland arrangerer me kurs i sjølvberging og beretskap. Over to dagar lærer du tradisjonelle metodar for å ta vare på mat og korleis bruke råvarene på ein berekraftig måte.

Kurset kombinerer teori og praktisk arbeid, og gir ei innføring i fleire konserveringsmetodar som har vore viktige i norsk matkultur. Det passar for deg som driv matservering, markedshage, gardrestaurant eller ønsker å selje foredla grønsaker direkte frå garden. 

 
Kjersti Linn Bakke - kokk på lyngheisenteret kjem på dette kurset til å demonstrere sild, salting og tørking av kjøt og fisk. 

Hanna Frosta - kåret til årets kokk i 2005, vil ha gleden av å presentere for oss lake og kva me kan legge i eddiklake. 

Aud Slettehaug - dagleg leiar for kompetansenettverket lokalmat Vest, kjem for å undervise oss i økonomi, trygg mat, merking, lagring og rett bruk av embalasje. 

Program

  • praktisk øving - grønsaker i eddiklake
  • varmebehandling -  grønsaker og lake
  • smak og tilsetting av smak
  • Trygg mat, HACCP
  • Økonomi, prosess og beregning av pris
  • Sild, både speking og lake
  • Demonstrasjon av slating og tørking

Velkommen til ein spennande og inspirerande dag her på Lyngheisenteret!

Gå til kompetansenettverk lokalmat si heimese for meir informajson eller klikk på knappen under. 

Pris og påmelding

Kr. 900,- du får med deg heim det vil lagar og inkl lokal lunsj.

Ta med, innsesko, forkle og glas opp til 600 ml.

Meld deg på gjennom kompetansenettverklokalmat.no eller på linken under.