Hopp til hovudinnhald

Kusymre

Kusymra er eit sikkert vårteikn langs kysten. Med sine bleikgule blomar lyser imot deg på lang lei. Blomane er mellom vårens vakraste ovringar, og dei har til alle tider vore frakta heim til mor i sveitte små barnehender.

Kusymre - Primula vulgaris

Det er ikkje så lengje sidan det om våren enno var mogeleg å få kjøpa nyplukka kusymre på blomstertorget i Bergen. Kusymre er ein god vestlending, planten finst berre i kyststroka frå Sørlandet til Trøndelag, og den var fylkesblom for Hordaland. 

Planten trivst best der det er litt le for vinden, og gjerne litt godt jordsmonn. Den finst i ope lauvskog, men jo lenger ut på kysten du kjem jo vanlegare vert den, og der veks den viljugt på ope mark, også i lyngheiane. Men etter kvart som lyngheiane gror att og forsvinn, er dette ein av plantene vi ser mindre til enn før. På Austlandet og i Sverige lyt dei klara seg utan kusymre, der har dei ei nær slektning —marianøkleblom. 

Begge desse plantene høyrer heime i nøkleblomslekta, som på latin har namnet Primula — «den første som blømer». Dette er ikkje heilt rett for kusymre i Noreg. Namnet symre kjem av sumar, og frå gamalt heitte det seg at når kusymra blømde, då kunne kyrne sleppast ut på beite. Sjølv om dyra slapp ut monaleg tidlegare enn i dag, var det nok likevel anna som alt blømde. På den andre sida inneheld kusymre kjemiske stoff som gjer at korkje sau eller ku et den, så blomane fekk stå i fred og pynta opp i beita.

Knep mot sjølvbefruktning

Kusymre er eit godt døme på dei mange ekstragledene litt kunnskap om botanikk kan gje ute i naturen. Ser du nærare etter på dei fine blomstrane, vil du sjå at det finst to slag. I nokre blomstrar sit støvbærarane like innafor den tronge opninga, medan arret endar langt nedi kronrøyret. 

Hos andre blomstrar er det omvendt, der ser vi knappen på arret i opninga medan støvbærarane finst lenger nede. Dette er eit knep som plantene nyttar for å unngå sjølvbefrukting. 

Kusymre vert vitja av mange insekt på jakt etter nektar, og dei får blomsterstøv festa til ulike stader på kroppen, avhengig av om dei har vitja den eine eller den andre typen blomstrar. Har dei først vitja ein blomster med støvbærarar i opninga, vil dei seinare kunne befrukte blomstrar med arrknappen i opninga, og omvendt for dei hine. Dette er ein av planteriket sine sinnrike metodar for å redusera innavl. Grovt forenkla kan ein seia at marianøkleblom er ei kusymre som sit på ein lang stengel. Dei einskilde blomsterstilkane er sjølvsagt mykje kortare, og bomstrane er litt mindre enn hos kusymre. Når bløminga er over modnast frøa i kapslar øvst i denne stengelen, som står og vaiar i vinden. På den måten vert frøa kasta av stad. 

Kva så med kusymre? Mange forskarar meiner at kusymre er ei vidareutvikling av marianøkleblom. Evolusjonen har teke vekk stengelen, så dei einskilde blomstrane kjem rett opp frå bladrosetten på ein stilk. Men når frøa er mogne vert desse blomsterstilkane slappe som sytråd og ligg berre bortetter bakken med einfrøkapsel i enden som knapt nok opnar seg. Kan det verta nokon frøspreiing av dette? 

Flittige maur må hjelpe

Her syner naturen nok ein gong sin mangfaldige verkemåte, for på kvart lite frø sit det ei lita oljefylt pute. Dette er det berre botanikarar og maur som interesserar seg for, og det er mauren som er viktig her. Dei kjem og hentar frøa, og når dei har ete opp den feite puta, kastar dei frå seg sjølve frøet. På den måten får kusymra spreidd frøa sine til nytte for seg sjølv og for mauren, og til glede for oss som veit kva som går føre seg. 

Nøkleblomane er ei planteslekt kor mykje underleg kan hende. Frå planteskulane kjem det hybridar og variantar som blømer til alle tider. I ein trappeoppgang i Bergen står ei krukke med ein vanleg kusymre frå Nordhordland som dei siste tre vintrane har blømt frå november til mai. Truleg vert planten lurt av at det er ljos i trappa om natta. Den trur det er vår avdi nettene vert kortare! Nokon kvar kan verta forvirra om dei kjem i uvante omgjevnader.

  • 1/1