Hopp til hovudinnhald

Familiesøndag i Ullveka

Velkomen til ein spennande dag med "ulne" aktivitetar, søndag 29. september. Lær deg korleis du kan lage både snor og tråd med enkel reidskap som du kan spikke sjølv. Ta med kniv dersom du har, men du kan óg låne i ull-verkstaden. Vi startar med gardsbesøk på Magnusgarden.

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4

Program

Kl 12   Gardsbesøk. Vi mater sauene og hentar ull på Magnusgarden

Kl 13   Vi spikkar reidskap og spinn tråd mm. 

Kl 15   Vi sluttar av

Oppmøte ved informasjonsbygget. Arrangementet er gratis – ingen påmelding. Arrangementet ligg også ute på Lyngheisenteret sine facebook-sider. Trykk 'Skal' om du kjem då vel - og del med vener! Velkomen til oss!

Arrangør: Lyngheisenteret

NB! Museet, kafeen, utstilling, film og museumsbutikk er ope kl 12 - 17.

Andre faste aktiviteter

Prøv deg på hesteskokasting og teste balansen med å gå på stylter. Kven er best? Barn eller vaksne? Eller kva med å teste styrke med å halde bøtter med strake armer så lenge du klarer? Vi har både store og små bøtter. Diplom til alle barn.

Informasjonsbygget og kafèen er ope kl 12-17. Varm mat kan bestillast til kl 16.30. I butikken har vi eit utval av kalde drikker og is. Vi sel også lynghonning, garn frå villsauene våre, strikketilbehør, heimestrikk, flotte saueskinn av spelsau og villsau, varer i tova ull,  fine treleikar mm.


Hjarteleg velkomen til Lygra!

  • sauar i landskap, jente i ullgenser klappar dei
    1/1
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2