Hopp til hovedinnhold

Familiesundag i Ullveka

Velkomen til ein spennande dag med "Ullologi og maskemagi" - med hekser, skrive- og ullverkstad, for barn ca 9 - 12 år. Open kafe, utstilling, film og museumsbutikk. 30. oktober kl 12 - 16.

  • 1/1

"Ullologi og maskemagi"

Ein skrive- og ullverkstad for born, ca. 9-12 år.
Kl 12 - ca 14.30
Pris kr 70,-
Billetter på Ullveka (her) eller på Lyngheisenteret.

To hekser tar borna med inn i eit magisk refleksjonsrom rundt klima- og miljøproblem, og gir ei leikande innsikt i at menneske har både kompetanse og fantasi som blir til løysningar for framtida.

Ullologi og maskemagi har fokus på tekstforming, tekstilt handverk, materialkunnskap, skaparkraft og berekraft.

Vibeke Koehlers fantasybok Tankespinneren dannar rammene. 

Hovudpersonane i boka er elever ved Ullenborg skole. Trådmagien dei lærer der er avgjerande for verdas framtid.

Boka tar oss inn i ei  verd der trådane i livsveven raknar når dyrearter dør ut. Hekser og trollmenn bruker spinneteiner og strikkepinnar som tryllestavar for å redde verda.

Borna blir med inn i Tankespinneren sitt univers der borna ser at dei må bruke trådmagi for å bøte på naturskader.

Vi skal la fantasien “tankespinne” slik at det kjem opp løysningar for både notid og framtid ved hjelp av fortida sin  magiske kunnskap.

Kl. 12.00: Vibeke les  utdrag frå boka

Ca kl. 12.30: Vi opnar skrive- og ullverkstada. 

Ca kl. 14.30: Barna blir med på felles magisk framtidsfarging av kvar si lille ullhespe i den store mystiske kobbargryta.


  • 1/1
  • 1/1

Andre faste aktiviteter

Prøv deg på hesteskokasting og teste balansen med å gå på stylter. Kven er best? Barn eller vaksne? Eller kva med å teste styrke med å halde bøtter med strake armer så lenge du klarer? Vi har både store og små bøtter. Diplom til alle barn.

Informasjonsbygget og kafèen er ope kl 12-16. Varm mat kan bestillast til kl 15.30. I butikken har vi eit utval av kalde drikker og is. Vi sel også lynghonning, garn frå villsauene våre , ulike heimestrikk og flotte saueskinn av spelsau og villsau. Og så har vi eit lite utval av fine leikar. Mellom anna  fine krabbesnører - perfekt å ta med seg ned til Naustvika og sjå om ein klarer å få ein liten krabbelur til å bite på.

Hjarteleg velkomen til Lygra!

  • sauar i landskap, jente i ullgenser klappar dei
    1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1