Økologisk
Alt som vert dyrka på garden vår, Magnusgarden, dyrker vi etter økologiske prinsipp. Vi har inga formell sertifisering på frukten, bæra eller grønsakene våre, men bruker kun naturleg gjødsel som hestemøkk, saueull, tang og til og med silderestar. Dette gjev naturleg og smakfull avling. Vi nyttar ikkje sprøytemiddel.
Vi har ein liten saueflokk av rasen gamalnorsk spel, på garden. Dei går ute heile året., men har tilgong til fjøs. I vinterhalvåret får dei høy i fjøset og litt økologisk kraftfor.
Program
Kl 12.00 - 13.30 Gardsbesøk. Møt opp ved steinhuset ved parkeringsplassen like ovanfor Lyngheisenteret, så går vi saman bort på garden vår og ser på spelsauene og på kva vi dyrker der. Vi tek opp resten av potetene våre.
Kl 13.30 - 15.00 I møterommet på på infobygget lagar vi tradisjonsmat som smakfull Potetsuppe og deilige Stompekaker. Alle får smake på godsakene. Aktiviteten er gratis.
Andre aktiviteter: Du kan prøve deg på hesteskokasting og teste balansen med å gå på stylter. Kven er best? Barn eller vaksne? Eller kva med å teste styrke med å halde bøtter med strake armer så lenge du klarer? Vi har både store og små bøtter. Diplom til alle barn.
Kafé
Informasjonsbygget og kafèen er ope kl 12-17. Varm mat kan bestillast til kl 16.30. I butikken har vi eit utval av kalde drikker og is. Vi sel også lynghonning, sommarhonning, garn frå villsauene våre og ulike ull-produkt. No får du også kjøpt heimestrikka gensarar av vårt eige villsaugarn! Og så har vi eit lite utval av fine leikar. Blandt anna Skogbingo, Strandbingo og fine krabbesnører - perfekt å ta med seg ned til Naustvika og sjå om ein klarer å få ein liten krabbelur til å bite på.
Hjarteleg velkomen!