Hopp til hovedinnhold

Førjulssøndag

Velkomen til vår tradisjonelle førjulssøndag, 24.november. Ope kl 12-16. Vi lovar lukt av pinnekjøt, julestemning, julemarknad, nisse, gardsbesøk og juleverkstad for barn og ungdomar.

  • 1/1

Julestemning, julehandel og god mat

Vi har pynta til jul og håper å setje deg i god julestemning. Ta deg ein kopp med gløgg og sjå på dei fine tinga vi har i museumsbutikken vår. Kanskje finn du nokre julegåver her. Kva med spiselege gåver som syltetøy og vår eigen lynghonning? Eller kjøp med deg årets pinnekjøt av villsau. I Matstova serverer vi pinnekjøt, ei varmande suppe og litt søte saker - blandt anna lefsene som vi bakar i november.

Program

Juleverkstad, Julemarknad, Gardsbesøk med nisse og Julemat i Matstova!

Kl 12 – 15 Juleverkstad: Pepperkakebaking, nålefilting, lage julekort / snømann / pyntegrønt (kr 50,-  for å delta på juleverkstaden)

Kl 12 – 15.30  Julemarknad

Kl 13 – 14  Besøk nissen og sauene på Magnusgarden

Kl 12 – 15.30  Julemat  i Matstova. Vi serverer årets pinnekjøtt av villsau, Villsausuppe, risgraut, riskrem, våre heimelaga lefser mm.

Aktiviteter for barna

Tradisjonen tru blir det pepperkakebaking og nålefilting av ull. Vi har også stasjonar der du kan lage din eigen julekrans eller annan pynt av det naturen kan by på og julekort. Kr 50 pr aktivitet - og det du har laga får du sjølvsagt med deg heim.

Desse finn du på marknaden:

  • Skøssn Gard - med årets eplemost
  • Anna Eline Hopland - med julekaker
  • ​May Lise Kismul - med brødposer, handlenett, koppar med fuglemat, småkaker mm.
  • Ingrid Schnelle Skjelanger - med kort og teikningar/print, skinnarbeid, syltetøy mm.
  • Lyngheisenteret - med peparkakedeig, honning og syltetøy

Frisk luft og ope landskap

Ein tur i det opne kystlyngheilandskapet vårt kan anbefalast, anten for å jobbe opp ein god appetitt før maten eller som ein frisk avslutning etter eit godt måltid. Tek du med deg turfaldaren vår så kan du i tillegg lære meir om det du ser undervegs og historiene som ligg bak. Turfaldaren kjøper du i resepsjonen/ museumsbutikken eller i sjølvbeteninga i steinhuset ved parkeringsplassen. 

Hjarteleg velkomen!

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1