Hausten er sanketid! Vi har tatt opp poteter, plukka plommer og epler, og snart skal vi sanke villsauene.
Vi håpar mange spreke sauesankarar er klare for høstens ULLETE utfordring.
Sauer & lam skal inn til helsesjekk, avlsdyr skal velgjast og slaktedyr skal fraktast til fastlandet. Tradisjonen tru inviterer me spretne friluftsentusiastar til å delta. Denne sankinga passar for ungdommar og vaksne som likar å ferdast i ulendt terreng. Likar du sau, er det ein pluss, men du får opplæring.
Ein representant for LVL AS ønskjer velkommen & informerer kort, før deltakarar vert frakta med båt ut til Lurekalven i nord. Sankarar sprer seg ut i terrenget og danner ei linje. Erfarne folk kommuniserer med walkie-talkie, og styrer operasjonen. Kort forklart, so går me manngard i terrenget. Alle sauene skal helst gå framfor oss, og førast heilt fram til sankebingen i sør. Når alle er i mål, serverer Lyngheisenteret suppe & kaffi!
NB! Sanketuren kan ta nokre timar, so ta med deg drikke & litt energi i lommer eller liten sekk. Varme, vind & vanntette kle & sko er naudsynt. Høge tur-/fjellsko eller støvlar anbefalast. Godt humør & litt tolmodigheit er aldri feil.
Velkommen til Lygra!
Oppmøte utanfor Lyngheisenteret, laurdag 5.oktober kl 9.00
Påmelding på fb, eller til Johan Lygre mob : 414 50 531.
Arrangør: Lygra Villsaulag
Lenke til arrangement på Facebook her