Hopp til hovedinnhold

Sauesanking for heile familien, Ullveka 2024

Bli med Lygra Villsaulag på haustsankinga av villsauene som beitar ved turstiane våre, heilt ytterst på Lygra, på Tangane, søndag 6. oktober kl 11.

  • 1/1

Vi inviterer små & større sauesankarar til å vera med på villsausanking. Oppmøte på snuplassen ovanfor Lyngheisenteret kl 11.00.

Den vesle flokken på Tangane skal samlast i sankebingen for helsesjekk og uttak til slakting. Villsauer og lam skal vurderast iht. rasestandard for gammalnorsk sau (villsau). Dei med godt rasepreg er best rusta til å leve ute i lyngheia. 

Kle deg etter veret og hugs gode sko eller støvlar! Det vankar beløning til alle barn som tek del i sankinga.

Det vert ikkje førehandspåmelding til denne dagen, berre møt opp. Sjå også arrangement på Facebook, på Lyngheisenteret og Lygra Villsaulag.

Informasjonsbygget er ope kl 11 - 15.  Arrangementet er ein del av Ullveka 2024.
Utstilling: Kreative arbeider i skinn og ull av Grethe Lillehammer. Egersund.
Dokumentarfilmen ”Fiber Fokus”, Embla film v/Anne Magnussen, kl 13. (Kr 100.)

Film & utstilling, museumsbutikk, mat å få kjøpt i Matstova. Varm mat til kl 14.30.

Velkomen til Lygra! 

  • sauesanking: sauar i båsar med folk rundt, sjø i bakgrunnen
    1/1
    Lyngheisenteret
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1