Hopp til hovedinnhold

Ullveka 2024

Ullveka har 10-årsjubileum i år! Vi feirar med eit rikt program frå fredag 27.september til og med søndag 6.oktober.

  • 1/1

Velkommen til ei feiring av norsk ull, dei norske sauerasane, og våre rike tekstiltradisjonar!


ULLVEKA er ei "oval" festveke med ull i fokus. I Ullveka kan du delta på arrangement som set lys på ull som ressurs og material og som kulturbærar, - alt frå produksjonen hos bonden til kultur, kunst, industri, handverk og hobby.

ULLVEKA er ikkje en tradisjonell festivalarrangør, men ein paraply over eit breiare samarbeidsprosjekt mellom fleire aktørar. Programmet i Ullveka er derfor ei samling av alle arrangementa dei ulike aktørane har i løpet av veka.

Programmet er variert og vil ha tilbod for både born, unge og vaksne.
Her kan ein møte ullentusiastar frå heile verdikjeda - frå bonde og produsent til handverkar og formidlarar. Ullveka ønskjer å inkludere alle frå nybegynnarar, skapstrikkarar, tovekunstnarar til erfarne ullfolk som har ull som næring og material i si verksemd.

ULLVEKA er eit breitt samarbeid mellom Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Osterøy Museum, Tekstilindustrimuseet, Vestnorsk Utvandringssenter, Bryggens Museum, Hordaland Husflidslag, Nordhordland Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland, Hordamuseet, Knarvik Amfi, Sommerakademiet, Galleri Rustica, Region Nordhordland, Gripen Gard, Alver kommune, Hordaland sau og geit med fleire.

Husflidskonsulenten i Hordaland, Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Nordhordland UNESCO Biosfære og Sommerakademiet er representerte i styret for Ullveka.

Arrangørane i ULLVEKA håper å være med på å bevare og formidle vår samla kunnskap om ull, og samtidig gje det tradisjonelle ny aktualitet ved å inspirere til å bruke gamle handverksteknikker på nye og moderne måtar. Hovedfokuset for ULLVEKA vil være på norsk ull og dei uendelige bruksmåtane vi har med våre kortreiste råvarer fra sauen.

Program

Heile programmet for Ullveka 2024 finn du her.

Fredag 27. september: 
Ullveka startar med Ullvekekonferansen, kl 9.30. Den blir på Lyngheisenteret i år. Meir info i eige arrangement her på heimesidene våre. Påmelding her: (Lenke kjem..)

Laurdag 28. september:
Ullmarknad, AMFI Knarvik (senteret) kl 10-16.
Lyngheisenteret er på plass med eigen stand.

Søndag 29. september:
Familiesøndag på Lyngheisenteret: 'Ull for heile familien'. Meir info i eige arrangement her på heimesidene våre. Gratis arrangement, open for alle, ingen påmelding. 

Onsdag 2. oktober:
Kurs i sortering av villsau-ull på Lyngheisenteret kl 18-20.30. Meir info og påmelding i eige arrangement her på heimesidene våre. 

Fredag 4. oktober:
Utstilling: Kreative arbeider i skinn og ull av Grethe Lillehammer (Egersund) kl 15.00.
Kurs i kaldfarging, dag 1 av 3, med Sommerakademiet, kl 16. (Sjå eige arr.)

Laurdag 5. oktober:
Sauesanking i Lurekalven med Lygra Villsaulag, kl 09.00. For dei spreke!
Utstilling: Kreative arbeider i skinn og ull av Grethe Lillehammer. Egersund
Kurs i kaldfarging, dag 2 av 3, med Sommerakademiet. (Sjå eige arr.)
Demonstrasjon: Kreativ toving med Karin Svarstad, Sommerakademiet, kl 11 -14.
Foredrag: "Ull og lydforhold" med Karin Svarstad, Sommerakademiet, kl 17. Kr 100.
Dokumentarfilmen ”Fiber Fokus”, Embla film v/Anne Magnussen, kl 18. Kr 100.

Meir info og evt. påmelding for kvart enkelt arrangement her på heimesidene våre. 
Infobygget ope med lett servering kl 11 - 17

Sundag 6. oktober:
Sauesanking på Tangane med Lygra Villsaulag, kl 11. For heile familien!
Utstilling: Kreative arbeider i skinn og ull av Grethe Lillehammer. Egersund.
Kurs i kaldfarging, dag 3 av 3, med Sommerakademiet. (Sjå eige arr.)
Dokumentarfilmen ”Fiber Fokus”, Embla film v/Anne Magnussen, kl 13. Kr 100.

Meir info og evt. påmelding for kvart enkelt arrangement her på heimesidene våre. 
Infobygget ope med lett servering kl 11 - 15


For meir informasjon om dei enkelte arrangementa, sjå også ullveka .no 
og sommerakademiet.no



Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1