Påblomsterskudda som veks opp frå stengelen har planten spandert seks blad i kransane. Slike bladkransar er typisk for maureslekta som inneheld fleire kjende artar som kvitmaure, gulmaure, klengjemaure og myske. Dei er alle mykje større enn kystmaure, men ingen av dei veks i lyngheiane.
Kystmauren høyrer derimot heime her og på ugjødsla grasmark langs sørlands- og vestlandskysten nord til Trøndelag. Den er dessutan fast innslag i lyngheiane langt sørover i Europa.
- 1/1