Hopp til hovudinnhald

Kystmyrklegg

Kystmyrklegg (Pedicularis sylvatica)

Kystmyrkleggen høyrer til ei stor planteslekt kor alle heiter noko med myrklegg. Namnet kjem av at blomen visst nok skal kunne minna om ein klegg (med litt godvilje). 

Kjenneteikn

Kystmyrklegg er ein liten plante med oppflika blad og raud-rosa blomar. Myrkleggane høyrer til maskeblomfamilien kor blomstrane har ei overleppe og ei underleppe. Hos kystmyrklegg stikk underleppa vinkelrett ut i høve til den hjelmforma overleppa. Underleppa er dessutan noko vridd og nedoverbøygd. Blomstrane til myrkleggane er så komplisert oppbygde at det berre er kunnige humler som har stor lang nok tunge og nok kløkt til å finna ut av korleis dei skal nå heile vegen inn til nektaren. 

På same vis som fleire andre slekter i maskeblomfamilien, er myrkleggane såkalla halvparasitter. Dei snyltar på andre artar der dei veks ved at dei stel næring frå dei gjennom røtene.Slike slekter vert i nyare oversikter gjerne samla i snylterotfamilien.

Forvekslingsart

Kystmyrklegg veks i fuktig hei, men er ikkje nokon myrplante. Den kjem viljugt attende etter lyngbrenning. Kystmyrklegg kan berre forvekslast med vanleg myrklegg, men dette er ein mykje større plante som mest veks på myr. Den har rosa blomstrar kor både underleppe og overleppe stikk opp og fram og vantar såleis den tverre og vridde underleppa til kystmyrklegg. 

Maur spreier frøa

Vanleg myrklegg har dessutan frøspreiing med vind og vann. Frøa hos kystmyrklegg har derimot på same vis som heiblåfjør, ein oljehaldeg tilvekst som maurene er heilt ville etter. Dei klatrar endå til opp i planten og gneg seg inn i frøkapslane før dei har opna seg og tek frøa med seg. Maurspreiing er så vanleg hos mange artar i lyngheiane at det er viktig å ta omsyn til maurtuvene ved lyngbrenning.

  • 1/1